Husbakken – toppturbase

Når du vil overnatte ved foten av fjellet.

Arkiv for Furua

Furua

Vi har ei furu på Husbakken. Den står øvst på beitet, avskjerma frå omgjevnadane, men med vidstrakt utsikt. Under furua står ein benk. Den er til å kvile på, til å gruble. Mest av alt, er den til å høyre suset over furua på.

«Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel,
og da kæin du rette oppatt æille feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kvell,
og om du itte greie det æilt er like trist
så ska du høre suset over furua som sist.
Du skal få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel»

Alf Prøysen