Husbakken – toppturbase

Når du vil overnatte ved foten av fjellet.

Overnatting

Ei original vestlandsk sperrestove (tømmerstove) frå 1800-talet med eit lite soveloft på kovelemmen, bad i den gamle koven og kjøken i ytterselet. Huset er fullstendig restaurert i 2010 med støtte frå Norsk Kulturminnefond.

To senger på kovelemmen, tilkomst med trappestige

Grøn seng 184 x 90 cm. Bak rekkverket på beten over senga er også ei seng, på 190×90 cm. Alle sengene har nye madrassar.

Til leige: Damasksengetøy: kr 100 per sett. Handklesett: kr 20.

Ytterselet med kjøkenvegg: med oppvaskmaskin, komfyr, kjøleskap, vasskokar og kaffitraktar. Frys i kjellaren.

Bad i koven med skifer i dusj og på golv, varmekablar, vaskemaskin, handvask og wc.

Sperrestova er frå 1800-talet og har sine sjarmerande særeigenheiter, som låge dører og låg takhøgde på kjøken og bad (takhøgd er 195, men takbjelkar går ned til cirka 180 cm) og trappestige til loftet. Folk over 180 cm må passe litt ekstra på hovudet sitt.

Spisebordet i stova er samlingspunktet. God plass til åtte personar, maks ti.

Stova har ikkje sofa, men derimot to gode stolar med ullfell frå våre gamal norsk spelsau og ei seng med store puter.

Prisar og bestilling finn du på Airbnb (gjer eit opent søk på «Jølster», så ser du oss), eller send ein e-post til husbakken@gmail.com.

%d bloggarar likar dette: