Husbakken – toppturbase

Når du vil overnatte ved foten av fjellet.

Kart

Her er Husbakken på google maps.

Du kan ta www.nor-way.no bussekspress til Vassenden og ein taxi den siste mila til Husbakken. Dei som syklar hit, får ti prosent rabatt på overnatting og guiding.

Køyreskildring for bil/sykkel:
Husbakken ligg på sørsida av Jølstravatnet, ein liten avstikkar frå E 39.

Kjem du frå vest, ta av E39 på Vassenden mot Astruptunet. Etter vel åtte kilometer, følg skilt mot Sanddalen. Køyr ein drøy kilomter oppover, ta til høgre i kryss med lyktestolpe. Husbakken ligg til høgre etter cirka 600 meter.  Totalt cirka 10 km frå Vassenden.

Kjem du frå nord eller aust, ta av frå Rv 5 på Kjøsnes mot Vassenden/Astruptunet. Etter vel 13 km, følg skilt til Sanddalen. Køyr ein kilometer oppover, over ei bru. Ta til venstre i første kryss, ved lyktestolpe. Husbakken til høgre etter cirka 600 meter. Totalt cirka 15 km frå Kjøsnes.

Fly
Næraste flyplass er Førde Lufthavn Bringeland, 51 km unna. Der går det an å leige bil. For å spare klimaet, håpar vi at du som flyr blir ei stund.

%d bloggarar likar dette: