Husbakken – toppturbase
Når du vil overnatte ved foten av fjellet.Husbakken si historie

Johannes og Marta kjøpte husmannsplassen Husbakken i 1897 (iflg. bygdebok for Jølster). Dei flytta ei gamal sperrestove frå ein annan gard til Husbakken. Den stova som allereie sto på husmannsplassen var opphavleg frå Eikås og vart då flytta til Husbakkstøylen. Sonen Nikolai utvandra til Amerika. Dottera Johanna såg etter foreldra sine og gifta seg seint til Kristen Strand. Dei fekk ingen born.

(Foto frå Sunnfjord Museum)
Kristen (1889-1994) og Johanna Strand vart veldig gamle. Kristen døydde 105 år gamal og Johanna då ho var 102. Dei budde i sperrestova til 1989, utan innlagt vatn og utan bad og kjøken i moderne forstand.
På slutten av 1960-talet tok gardsdrengen deira over Husbakken i lag med kona. I 1968-70 bygde dei eit nytt hovudhus.