Husbakken – toppturbase

Når du vil overnatte ved foten av fjellet.

Grøn ferie – tanken bak

Eit ferieopphald på Husbakken skal belaste naturen minst mogeleg, gje sterke naturopplevingar, kunnskap og kulturell og historisk bevisstheit.

Gjester som kjem til Husbakken på sykkel får ti prosent rabatt på alle tenester.

Aktivitetstilbodet vårt er å vise våre gjester naturen i nærområdet, slik at de kan oppsøke utfordringar som gjev naturlege ferieminne. Anten det er toppturar på ski, bratte eller late fotturar, fiskeplassar eller berre stader å søke roen. Den einaste motoren vi tilbyr gjestene å bruke, er deira eige hjarte.

Dei matvarene vi produserer sjølv, vil vi også tilby våre gjester, anten det er bær, grønsaker, urtar eller egg.

Husbakken er eit verneverdig småbruk frå 1800-talet, restaurert med støtte frå Norsk Kulturminnefond. Å bu her gjev eit inntrykk av korleis menneskja på hundretusenvis av småbruk i heile landet levde for over hundre år sidan. Kanskje byr det seg ei mogelegheit til å delta i gardsarbeid for våre gjester også.  Garden er økologisk sertifisert av Debio. Vi har to høner, ein hane og produserer gras.

Sperrestova har 20 cm isolasjon for å spare energi.  Hovedenergikjelda er ved, som også kan brukast til matlaging. Resten av energien kjem frå vasskraft. Vaskemaskin, oppvaskemaskin, kjøleskap osb. har alle energiklasse A. Alle lyspærer er sparepærer (energiklasse A).

Husbakken har eige reint kjeldevatn, og dusjen er forsynt med sparedyse.

Papir, glas, metall vert resirkulert, medan organisk avfall vert kompostert. Huset er forsynt med miljømerka såper og vaskemiddel.

%d bloggarar likar dette: