Husbakken – toppturbase

Når du vil overnatte ved foten av fjellet.

Velkomen til Husbakken

Ein base for toppturar på ski, fiske, fjelltur og kultur.

Ein enkel overnattingsstad på eit småbruk ved foten av luftige turmål, i gangavstand til fiskevatn, midt i Jølsters haugevis med fjell og dalar, i lia ovanfor kunstnarheimen til malaren Nikolai Astrup. Både sommar- og vintersesongen byr på store mogelegheiter

Du bur varmt og komfortabelt i ei sperrestove frå 1890. Stova er restaurert i gamal stil, med dei gamle bjelkane og tømmeret, den gamle støypejernsomnen frå 1920-taler, dei gamle vindauga med utsikt over Jølstravatnet. Innimellom har vi lagt til litt komfort. Gode madrasser, varmekablar under skifergolvet på bad, gang/kjøken. Badet og kjøkenet vart restaurert i 2010.

Huset har eit soveloft med to senger på 200 cm. I stova to soveplassar i form av ei litt kort seng, og ein litt kort hems. Begge vel 180 cm lange. Sjå sider i menyen til høgre for å få vite meir.

Airbnb.com (søk på «Husbakken», så får du opp «Gårdshus med utsikt og sjel»). Der kan du bestille overnatting for minimum tre netter. For kortare opphald gjeld eigne prisar – ta direkte kontakt via henningah@hotmail.com eller ring 90058669.

Ein base for luftige turar, vår, sommar, haust og vinter.

Velkomen!

Badeplassar i Jølster

Her er nokre fine badeplassar i nærleiken.

Svidalsneset

Om været ikkje tillet utebading så fins det innandørs alternativ:

Svømmehallen i Førdehuset Angedalsvegen 5, Førde, tlf: (+47) 57 72 19 00.

Terapibassenget, Langebruvegen 34, Førde, tlf (+47) 57 82 89 00.

Havhesten, Kanalen, Florø, tlf (+47) 57 75 67 20.

Høyangerbadet, tlf (+47) 57 71 27 00.

Husbakken i februar

Løa, Høgenuken og Kvitefjellet

Fottur til Bjørndalsstøylen 650 moh

Fottur på Nonsnipa 1193 moh

This slideshow requires JavaScript.

Fottur på Graufjellet 851 moh

This slideshow requires JavaScript.

Fottur til Nonsnipestøylen 675 moh

This slideshow requires JavaScript.

Fottur frå Husbakkstøylen (490 moh)til elva

This slideshow requires JavaScript.

Fottur til Vikastøylen 630 moh

This slideshow requires JavaScript.

Fottur til Svidalsstøylen 530 moh

This slideshow requires JavaScript.