
Onsdag 23 april ved soloppgang, kom årets to første lam på Husbakken. Mora heiter Frosta. Det eine lammet liknar på faren, brunt, medan det andre har meir av si kvite mor i seg, og er lyse-lysegrått med spor av kaki/brunt.
Sauer har ei drektigheitstid på 147 dagar. Kåte Houdini kom til gards den 28. november, og jobba med saken frå første minutt. Litt på overtid kom altså det første resultatet.
Alle sauene har utvikla jur, som tyder at dei har teke lam. No reknar eg med at alle åtte lammar i løpet av eit par veker.
Tunlam
Det lyse lammet til Frosta er avvist av mora. Dette er noko som skjer med lam frå tid til anna. Resultatet er det vi kallar tunlam. Eit lam vi fôrar opp med mjølkeerstatning, og som spring rundt på tunet som ein leiken katt eller hund. For dei som er glad i slikt: her vert rom for kosing…