Husbakken
Base ved foten av eventyrlege fjelltopparSommar på Husbakken
Slå deg til ro nokre dagar i sperrestova på Husbakken. Snør på deg fjellskoa og legg i veg frå kjøkendøra mot nærliggande vatn, dalar og toppar. Om du vil, viser vi veg (sjekk guidemenyen). Vel tilbake kveikjer du i den gamle vedkomfyren, set deg i godstolen med mjukt saueskinn og nyter stilla. Grublar på sti utsikta over Jølstravatnet og motiva til malaren Nikolai Astrup.
Slå deg til ro nokre dagar på Husbakken. Sperrestova frå 1890 tilhøyrde Jølsters eldste ektepar, som vart 102 og 105 år gamle. Vi har restaurert bygget i opprinneleg husmannsstil. Og så har vi lagt til varmakablar under skifergolvet, bad, eit fullutrusta kjøken, gode senger og det som elles skal til for å slappe godt av.
Husbakken ligg i gåavstand til Astrup sin heimstad, Astruptunet. Innanfor 10-20 minutts køyretur er det også mogelegheiter for rafting, golf, galleribesøk og besøk på folkemuseum. Ein dryg halvtime herifrå, ligg Fjærland og Norsk bremuseum . For å nemne noko av tilbodet i nabolaget.
Slå deg til ro nokre dagar på Husbakken. Unn deg litt primitiv luksus.
Velkomen!
